Kronikk: Odd Jarle Kjørstad

Doktor Claude Lillingston – ein ambassadør for norsk medisin

044-056

Michael 2026; 23: 44-56

doi: 10.56175/michael.13076

Oppvaksen veglaust i Sunnfjord drog Claude Lillingston (1881–1961) på tampen av 1800-talet til medisinstudium i Cambridge. Kvar han kom, som sanatorielege eller i ein verdsomspennande organisasjon, arbeidde han iherdig for å løfte fram kjennskapen til norsk medisin i utlandet.

I norsk medisinsk historie leitar ein fåfengt etter namnet hans.

Eg fekk først høyre om Claude Lillingston (1881–1961) då eg kom til Fjaler i 1980. Folk flest i bygda kjende til «doktor Claude» og at han ein gong hadde hatt ei høg stilling i Paris.

Kjeldematerialet eg etter kvart fekk samla inn, gav ikkje svar på alle spørsmål. Men det skulle vere nok til å gje ei nokolunde samanhengande livssoge og bilde av mannen og innsyn i nokre medisinske tema i samtida hans.

Vaksen opp i to kulturar, engelsk og norsk, og med erfaring frå eigen sjukdom vart han føregangsmann for ein ny behandlingsmetode for tuberkulose i England. Kjennskap til denne metoden bar han med seg frå Noreg. Seinare heldt han fram med å formidle til engelskspråklege legar mangt han fann som nyvinningar og god praksis hos norske kollegaer – som lege i England, i administrativ stilling i Paris og med engasjerte innlegg i engelske fagtidsskrift etter heimkomsten til Sunnfjord.

Hovudformålet med artikkelen er å få fram dette store arbeidet Claude Lillingston la ned i formidling av norsk og skandinavisk medisinsk kunnskap til legar i utlandet.

I ein biografisk tekst som denne vil ein del av kjeldene liggje andre stader enn i vitskapleg litteratur. Men avgjerande deler av dokumentasjonen er henta frå medisinske tidsskrift – norske og engelskspråklege.

Direkte sitat frå tekstar av og om hovudpersonen har fått ei berande rolle i denne framstillinga.

Oppvekst i Sunnfjord

Claude Lillingston vart fødd 29. april 1881 på garden Tysse i noverande Fjaler kommune og Vestland fylke. Familien var engelsk og skilde seg sterkt ut frå bygdefolket elles i ei bygd med mest berre småbønder.

Faren, Claude Augustus Lillingston (1836–1905), var teolog, men praktiserte ikkje som prest. Han var av velståande familie og saman med kona hadde han reist frå Ipswich til Bergen i 1866. Det er sagt at grunnen var intern strid i den anglikanske kyrkja og minkande familieformue (1). Etter åtte år i Bergen som tilsett ved eit større handelshus, flytta han med familien til eit meir landleg liv og bokstudiar ved Dalsfjorden i Sunnfjord. Etter ei tid der kjøpte han sorenskrivargarden Tysse og herskapshuset etter den avlidne sorenskrivaren Niels Landmark (1775–1859) (1). Her voks Claude opp som tiandemann av elleve søsken (2). Garden vart driven av ein paktarfamilie (figur 1).

Figur 1. Lillingstonheimen. Sorenskrivarbustad 1808–1858. Seinare budde distriktslegen i Ytre Sunnfjord her i 9–10 år før Lillingston flytta inn i 1884. Dei siste Lillingston-søskena testamenterte huset til kommunen og garden til paktarfamilien. Fortidsminneforeningen har vore eigar av huset siste åra. Det har blitt nytta til ulike kulturarrangement og i periodar vore ope for publikum.

Foto: OJ Kjørstad

Borna fekk undervisning i heimen, først av engelske guvernanter så av norske huslærarar. Vidare underviste faren sønene like opp mot universitetsstudium (1).

Familien hadde sosial omgang med gardbrukarfamiliane omkring og dei kondisjonerte familiane i kommunesenteret Dale. Faren likte den norske konfirmantundervisninga, så borna gjekk for presten saman med ungdomane i bygda (1).

I heimen var talemålet engelsk, men ute mellom folk tala dei norsk – ikkje bygdemål, men eit tilnærma riksmål. Claude skreiv godt og feilfritt norsk.

England, med norsk intermesso

I 1899 hadde heimeundervisinga på Tysse ført Claude fram til opptak ved medisinstudiet ved universitetet i Cambridge, ved Pembroke College og St. Mary´s Hospital (3, 4). Licentia practicandi vart oppnådd der i 1906 (3).

Men då, som nyutdanna lege ved fødeavdelinga på St. Mary´s, vart framtida hans brått uviss. Han fekk påvist lungetuberkulose (4). Ein ung medisinar av engelsk herkomst, fødd og oppvaksen i Noreg, men med studieår og praksis i velrenommert medisinsk miljø i hjartet av det britiske imperiet, kvar søkte han hjelp?

Han reiste tilbake til Noreg.

Her vart han innlagd på sanatorium, kvar er ukjent. Men han blei ikkje betre. Til slutt vart det utført pneumothorax-behandling, og den hjelpte godt (4). Dette var som kjent ei behandling som fekk den angripne lunga til å klappe saman ved å sleppe luft inn mellom brystvegg og lunge. Mellom folk flest kjent som blåsing.

Det synte seg at han hadde ein norsk kjæraste som ofte var hos han på sanatoriet. Dei gifte seg i september 1906 (5). I vigselnotatet frå Uranienborg kirke i Oslo er han oppførd med bustad London. Brura var Ingeborg Wiese (1879–1957), dotter av ein tidlegare handelsmann i Osmundvågen ved Sildagapet mot Stadhavet (3).

I 1910 var den unge legen og kona tilbake i England. Han er der omtala i stillingar ved Berkshire and Buckinghamshire Joint Sanatorium, East Anglian Sanatorium og The Mundeslay Hospital Tuberculosis Sanatorium (4, 6). Tuberkuloseerfaringa hadde tydeleg verka inn på karrierevegen.

Utbreiing av behandling med kunstig pneumothorax før 1910

I England var pneumothorax forsøksvis prøvd som behandling for lungesjukdom tidleg på 1800-talet og i 1880-åra, utan godt resultat (6). I 1882 beskreiv italienaren Carlo Forlanini (1847–1918) ein metode for slik terapi (7). Ved hundreårsskiftet var ein tilsvarande metode prøvd i USA og frå 1905 i Tyskland (6). Dansken Christian Saugmann (1864–1923) forbetra framgangsmåten ved bruk av manometer i 1906 (6).

I Norges Læger 1800–1908 blir det opplyst at heile tre norske legar skreiv artiklar om pneumothorax-behandling for tuberkulose i 1908 (8, 9).

Kven som behandla Claude Lillingston, veit ein ikkje, men etter inngrepet her i landet sette Lillingston sjølv i gang med pneumothorax-behandling ved Mundeslay Sanatorium i august 1910 (6). At metoden då var lite brukt i England, går fram av eit innlegg Lillingston hadde i The British Medical Journal (BMJ) i 1911:

Why is the treatment by artificial pneumothorax not more popular in England? Probably the correct answer is partly to be found in the almost general belief that an artificial pneumothorax and an accidential pneumothorax are similar. The similarity is about as great as that which exists between anaesthesia induced by a skilled anaesthetist and anaesthesia induced by a blow on the head (10).

Han skreiv i åra deretter ofte om metoden både i BMJ og The Lancet og om korleis ein kunne unngå alvorlege komplikasjonar (11, 12).

I 1914 opplyste Lillingston lesarane av BMJ om at det var oppretta ei foreining for studium og fagleg diskusjon om kunstig pneumothorax, The Artificial Pneumothorax Association, med eige tidsskrift (13).

Til bruk i denne behandlinga hadde han utvikla ei eigen nål, Lillingston-nåla, som blei produsert og nytta internasjonalt (14). Også ei trekasse med fullt utstyr ferdigmontert til inngrepet kom i sal som Lillingston & Pearson Pneumothorax Apparatus i 1913 (15) (figur 2). Doktorgraden vart nådd i 1919 (4).

Figur 2. Teikning frå 1927 (15).

Wikimedia Commons file: Lillingston & Pearson Pneumothorax Apparatus. Licence: Creative Commons Attribution 4.0 International

Kvinner som leiarar?

I tillegg til fagleg entusiasme legg Lillingston for dagen eit moderne syn på andre spørsmål. I 1919 svarte han ein Dr. Rivers i eit innlegg i The Lancet:

Women Chiefs?

We all know the stenophrenic male, with the mentality of a monkey and the spitefulness of an eunuch. Many of us also know the gifted woman with vision, tact, and administrative genius. If Dr. Rivers finds these types on the medical staff of a municipality, does he suggest promotion of the former at the expense of the latter? (16)

«Hans store interesse for Norge og norske læger»

I 1923 drog den norske legen Harald Wilhelm Widmark Holmboe (1876–1949) frå tuberkulosesanatoriet på Mesnali ved Lillehammer til England for å studere utprøvinga av ein vaksine mot tuberkulose utvikla av den danskfødde Oxford-professoren Georges Dreyer (1873–1934) (17). Utprøvinga vart avslutta året etter då vaksinen synte seg å ikkje leve opp til forventingane (18). Frå andre halvdel av 1920-talet vart så ei BCG-vaksine, utvikla i Frankrike, prøvd ut her i landet (19). Heimkomen skreiv Holmboe referat frå studiereisa i Tidsskrift for Den norske lægeforening, og avslutta slik:

Jeg vil ikke slutte disse linjer uten at tilføie, at uten min gode ven, dr. Lillingston, hadde jeg ikke faat anledning til at komme ind saa let overalt. Han var utrættelig i at føre mig rundt, og han fik rikelig anledning til at vise, at hans store interesse for Norge og norske læger var den gode gamle. En hjertelig tak for det (17).

Paris

Sommaren 1924 endra mykje seg for Claude Lillingston. Han vart utnemnd som redaktør av The World´s Health, tidsskriftet til den internasjonale Røde Kors-ligaen i Paris (20). Organisasjonen skifte seinare namn til Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåneforeninger (IFRC).

43-åringen med mein av tuberkulose skal ha vore uroleg for eiga helse då han bestemte seg for å bryte opp frå England (4). Han ville bort frå det tunge kliniske arbeidet og hadde ei tid tenkt på å livnære seg som medisinsk journalist og korrespondent for engelske fagtidsskrift (4). No vart dette løyst ved ei fast redaktørstilling i ein stor verdsomspennande organisasjon.

Sjømannshelse

Medan Lillingston var i Paris, arbeidde norsk Røde Kors opp mot ligaen med tiltak for sjømannshelse. Det var ønskje om ei internasjonal vidareføring av arbeid som var igangsett i Noreg, der marinelegen Harald Engelsen (1883–1954), redaktør av Legebok for sjømenn, var ei leiande kraft (21). I 1929 vart så Engelsen medlem av Den permanente komite for sjøfolks helse og velferd under Røde Kors-ligaen i Paris (21).

Som redaktør i World´s Health tok Claude Lillingston inn artiklar av Engelsen om sjømannshelse (22). Han tok sjølv opp temaet i BMJ i 1927 (23).

Jens Meinich jr. (1901–1988) var i Paris i åra 1928–1930. Han skriv i Mitt liv med Røde Kors at han saman med faren kom i kontakt med doktor Lillingston i Røde Kors-arbeidet for sjøfolks helse, og omtalar han som sterkt engasjert i saka (24). Meinich la elles ned eit livslangt arbeid i Norges Røde Kors og er kjend som mannen bak Røde Kors pasientvenner og besøksteneste (24).

Forfattar

I 1928 gav Lillingston ut ei bok saman med Norah Hill, How to Enjoy Health (25). På tittelbladet er han presentert som redaktøren av The World´s Health, og føreordet er av redaktøren i The Lancet. Lillingston hadde skrive dei fleste av dei 37 artiklane om helseinformasjon til lekfolk; frå oppmoding om å gje skuleborn mjølk og tran til helseeffekten av tobakksbruk. Den siste syner kor lite dei visste om skadeverknadene av røyking på den tida.

I 1936 prøvde han seg som skjønnlitterær forfattar med romanen His Patients Died, som skildrar eit pompøst og sjølvtilfreds medisinsk miljø i England (26). Hovudpersonen er ein ung lege som tek seg av pasientar som er oppgjevne av andre, med utradisjonelle og risikable metodar. Det kjem fram at legen på eiga hand avgjer kva som er leveverdig liv for pasientane, og dei fleste døyr uventa raskt. Gamle og uføre blir vippa over rekkverk og båtriper. Boka kan lesast som ei biletleg framstilling av og åtvaring mot den nazistiske ideologien i Europa på den tida.

Privatliv og vennskap

Ekteskapet til Claude og Ingeborg var barnlaust. Ho hjelpte ektemannen som sekretær i det omfattande skrivearbeidet med maskinskriving og stenografi. I sommarferiane drog dei ofte til søskena hans på Tysse.

Frå studieåra i Paris på slutten av 1920-talet skildrar Jens Meinich Lillingston som «en sjelden, fin personlighet» som snakka norsk med lett engelsk-sunnfjordsk aksent. Heimen til ekteparet Lillingston var samlingsstad for dei norske i Paris, skriv han. Og dei vart hans venner for livet (24).

Den norske bakteriologen Konrad Birkhaug (1892–1980) var internasjonalt kjend for å ha utvikla antiserum mot erysipelas, som før dette var ein livstrugande infeksjon. No var han i Paris ved Pasteur-instituttet i tre år frå 1932 (27). Han fortel i memoarboka si at han ein søndag ettermiddag vart med til

[…] teselskapet som den norsk-engelske legen Claude Lillingston og hans kone holdt for sine venner og bekjente hver søndag i hjemmet på Rue Grouselle. […] Samtalen gikk på norsk, engelsk og fransk om hverandre. Den kosmopolitiske blanding hadde likevel et sterkt islett av nordmenn, og atmosfæren var så spontant koselig, at jeg straks følte meg som hjemme (27).

Birkhaug sette pris på Lillingstons «elskelige vesen og hans sans for humor» og vart god venn av ekteparet. Dei to kollegaene var begge svært opptekne av BCG-vaksinen mot tuberkulose (27).

Medisinskfagleg stilling

Fleire utsegner tyder på at Lillingston også har hatt ei medisinskfagleg rolle i Røde Kors-ligaen. Både Meinich på slutten av 1920-talet og Birkhaug på 1930-talet har nemnt ei slik stilling, tilsynelatande uavhengig av redaktørstillinga: Nemningane Ligaens medisinske konsulent av Meinich (24) og sjef for dets helsekontor av Birkhaug (27), kan anten omtale same stillinga, vere to ulike stillingar eller syne avansement.

Birkhaug nemner Lillingston også som visepresident i verdsorganisasjonen. Det er ikkje funne bekrefta i andre kjelder og blir ikkje lagt vekt på her.

Pensjonistår heime i Sunnfjord

På førjulsvinteren 1938 døydde broren Michael (1873–1938) heime. Den vinteren vart tung for dei to attverande søstrene, og ifølgje dagboka til søstera Laura (1867–1957) var dette avgjerande for at Ingeborg og Claude braut opp frå Paris-tilværet våren 1939.

Under trugande krigsskyer drog dei ikkje tilbake til England, men heim til søstrene hans på Tysse. Og der vart dei verande (1, 2) (figur 3).

Ein har ingen opplysingar som tyder på at Claude har hatt noko inntektsgjevande arbeid etter at ekteparet kom heim. Om han hadde planar om medisinsk journalistverksemd for engelske tidsskrift, vart dei i så fall stansa av krigen. Søskena heime hadde alle hatt formue som leveveg ved folketeljinga i 1920 (28). Claude og Ingeborg ser ut til å ha gått inn i sams hushaldning med dei to søstrene hans. Der kan ekteparet ha hatt oppsparde midlar å bidra med.

Figur 3. Claude Lillingston ved hagegrinda heime på Tysse. Frå privat album.

Fotograf ukjend.

Frå krigsåra går ei historie om at tyskarane vart merksame på at der budde ein med engelsk namn på Tysse, så dei tok med seg lensmannen ut dit for å kontrollere den mistenkjelege. Lillingston hadde fått ymt om dette så dei fann han liggjande til sengs, tilsynelatande svært dårleg og knapt i stand til å snakke. Og på nattbordet låg Mein Kampf. Konklusjonen blei at han måtte vurderast som harmlaus, og han blei ikkje meir plaga av tyskarane, seier soga.

Distriktslegen i Fjaler, Harald J. Blaauw (1889–1977) og frå 1949 Asbjørn Østby (1909–1970), hadde på denne tida faste konsultasjonsdagar på Lillingstonheimen. Kontoret er sagt å ha vore på soverommet til Lillingston. Og sjølv var han med distriktslegen under konsultasjonane, fortel eldre folk.

Claude vart også på eiga hand oppsøkt og tilkalla av folk i nabolaget som trong legehjelp. Og det fekk dei, vennleg og utan betaling.

Dei som var born i grenda då, fortel at han gav dei undervisning i engelsk, lenge før det kom inn i skuleverket her. Leksene kunne vere å lære engelske dikt av Shakespeare og Tennyson utanboks.

Den pensjonerte legen og journalisten følgde godt med i fagdiskusjonane, og etter krigen var han atter flittig i tidsskrifta, dels med sterke retoriske verkemiddel. I 1946 skreiv han i BMJ:

The papers published in Scandinavia under and after the war on the parenteral administration of B.C.G. have made me wondering what is happening in England now with regard to it. Is it possible that we have been caught napping as we were nearly 30 years ago over the introduction of artificial pneumothorax into England? (29)

På nyåret 1948 nytta han eit sitat frå hymnen There is a land of pure delight av Isaac Watts (1674–1748) til å løfte fram Noreg som eit land å lære av:

Sir, – May I remind those of my fellow-countrymen who «still linger shivering on the brink and fear to launch away» that in December, 1947, the Norwegian Storting inspired by Norwegian health authorities, passed a law for compulsory vaccination against tuberculosis? […] May I now suggest that […] we visit, in no tip-and-run spirit, the Scandinavian B.C.G. centres and there seriously study the mass of evidence accumulated..? […] Might this not be a wiser course than to assume that their observations and conclusions are all wrong […]? (30)

Seinare same året refererte han i BMJ til ein engelskspråkleg rapport av den norske legen Gerhard Hertzberg (1904–1999) som etter å ha undersøkt eit stort materiale frå Oslo, fann at BCG-vaksinasjon var ufarleg og gav betydeleg (considerable) vern mot tuberkulose (31).

Det siste innlegget i BMJ i 1960, året før han døydde, er, ikkje uventa, også om norsk medisin, men no om eit anna tema: Cancer in Norway. Det var ein omtale av ein rapport frå det norske Kreftregisteret 1953–1954 (32).

Eit ord til kritikarar

Den skarpe tonen i fleire av artiklane hans var, etter det folk fortel, aldri merkbar i privatlivet. I heimegrenda blir han omtala som ein vennleg og imøtekomande mann.

74 år gammal reflekterte den pensjonerte legen over lettvint og låtteleggjerande kritikk i tidsskrifta. Oppmodinga derifrå får stå som det siste sitatet frå han:

Having toiled in medical journalism for more than 40 years, alternately as reviewer, author, and editor, I would like to say how heartily I abominate the anonymous reviewer with a sting in his tail […]. There is nothing so easy and cheaply fascinating as to demolish in a few sprightly sentences a work which has taken years.

The reviewer with an itch to be witty at the expense of some fellow-being should remember Pascal’s verdict: «Diseur de bons mots, mauvais caractère» (33).

Den avgjerande bakgrunnen

I pensjoniståra heime på Tysse skreiv Claude Lillingston ei siste bok, Landed Gentry, ei forteljing om livet i ei lita vestlandsgrend på slutten av 1800-talet (34).

Formidlaren av norsk medisinsk kunnskap til internasjonale kollegaer skreiv her for eit vidare engelskspråkleg publikum. Og han let skine gjennom ei glede og ein byrgskap over sin eigen norske bakgrunn som ein forstår må ha lege bak og medverka til det omfattande formidlingsarbeidet.

Professor Alan E. Franklin ved Trent University, Ontario, Canada skriv i føreordet ved ei posthum prenting av boka:

The physiology of this small society in its rugged but beautiful habitat is analyzed with love, respect and sensitivity (34).

Det siste ønskjet

Ingeborg fall frå i 1957. Den tidlegare sanatoriepasienten, Claude, døydde 23. april 1961 (4) (figur 4).

Nekrologen i The British Medical Journal er usignert og etter ordlyden å døme skriven av redaksjonen:

At one time an authority on the treatment of tuberculosis, he later turned to writing as a career […]. For many years he contributed annotations to this journal, commenting on various aspects of the Scandinavian medical scene (4).

Figur 4. Claude, nest nedste namnet på Lillingston-gravsteinen ved Dale kyrkje. Foto: OJ Kjørstad

Claude Lillingston hadde kome med eit siste ønskje til vennen Konrad Birkhaug. Han hadde bede Birkhaug vidareføre arbeidet hans med omsetjing av vesentlege skandinaviske tuberkulosearbeid til engelsk for det vidt utbreidde Tuberculosis Index:

Gjennom dette arbeidet, skriv Birkhaug, fikk jeg bedre forståelse for hvilken uvurderlig innsats han hadde gjort for å holde den engelske og norske legestanden orientert om de nyere fremskritt på tuberkuloseforskningens område (27).

Desse to sitata får stå som oppsummering og konklusjon på denne artikkelen om Claude Lillingston.

Artikkelen er fagfellevurdert.

Litteratur

  1. Vårdal M. Lillingston-ætti på Tysse. I: Jol i Sunnfjord. Førde 1937: 15–19.

  2. Fagerheim M, Fagerheim R. Fjaler gards- og ættesoge, bd.1. Førde 1976: 417.

  3. Amundsen OD. Stamtavle over familien Wiese. Oslo: Nationaltrykkeriet 1927: 89.

  4. The British Medical Journal. Obituary. BMJ 1961; 1: 1467–1469.

  5. Uranienborg Kirkes kirkebok: Digitalarkivet. Giftermål 1906: 116b

  6. Joynt GHC. The History of Artificial Pneumothorax. University of Western Ontario Medical Journal 1940; 10: 113–114. https://ojs.lib.uwo.ca/index.php/uwomj/article/view/18868 (4.1.2026)

  7. Mazzarello P. A Physical Cure for Tuberculosis. Carlo Forlanini and the Invention of Therapeutic Pneumothorax, Applied Sciences 2020; 10: 3138. https://doi.org/10.3390/app10093138 (18.12.2025)

  8. Kobro I. Norges læger 1800-1908, bd 1. Kristiania 1908; Holmboe HWW, publikasjonslista: 525.

  9. Kobro I. Norges læger 1800-1908, bd 2. Kristiania 1915; Mjøen JFT, publikasjonslista: 130. Thue K, publikasjonslista: 477.

  10. Lillingston C. The Treatment of Pulmonal Tuberculosis by inducing an artificial Pneumothorax. British Medical Journal 1911; 2: 1328–1329.

  11. Lillingston C. Treatment of dry Pleurisy by Temporary Artificial Pneumothorax. British Medical Journal 1915; 1: 659–660.

  12. Lillingston C. Avoidance of sudden death from the induction of an artificial pneumothorax, Lancet 1913; 182: 796–797.

  13. Lillingston C. The Artificial Pneumothorax Association and Journal. The Hospital 1914; 1: 77.

  14. Wellcome Collection. Catalogue of Surgical Instruments and Surgical Sundries: Lillingston´s pneumothorax needle: 436. https://wellcomecollection.org/works/tzujgema (4.1.2026)

  15. Wellcome Collection. Lillingston & Pearson Pneumothorax Apparatus, https://wellcomecollection.org/works/zrs4svcp (4.1.2026)

  16. Lillingston C. Women Chiefs. Lancet 1919; 193: 636.

  17. Holmboe W. Professor Dreyers vakcine mot tuberkulose. Tidsskrift for Den norske lægeforening 1923; 43: 1171–1175.

  18. 1Bryder L. «We shall not find salvation in inoculation». BCG vaccination in Scandinavia, Britain and the USA 1921–1960. Social Science & Medicine 1999; 49: 1157–1167. https://www.sciencedirect.com/science/article/abs/pii/S0277953699001574 (7.1.2026)

  19. Bjartveit, K. Olaf Scheel og Johannes Heimbeck og deres arbeid med BCG-vaksinen. Tidsskrift for Den norske lægeforening 2001; 121: 1076–1081.

  20. Hospital and Health News. The Hospital and Health Review 1924; 73: 225. https://pdfs.semanticscholar.org/bbe8/5096c686f0397dd658777f930b5030456c48.pdf (7.1.2026)

  21. Sommerfelt-Pettersen J. Maritim medisinsk historie sett frå Norge. Røde Kors´ helsearbeid for sjøfolk. Michael 2020; 17, Supplement 25: 70–72.

  22. Kobro I. Norges læger 1909–1925. Oslo: Aschehoug, 1927; Engelsen H, publikasjonslista: 79.

  23. Lillingston C, MacIntyre DDF. Wireless Medical Consultations at Sea. British Medical Journal 1927; 1: 492–493.

  24. Meinich J. Mitt liv med Røde Kors. Oslo: Dreyer 2004: 26 +omslag bakside.

  25. Lillingston C, Hill N. How to Enjoy Health. London: Hodder and Stoughton Publishers 1928.

  26. Lillingston C. His Patients Died. Edinburgh/London: William Blackwood & Sons Ltd, 1936.

  27. Birkhaug K. Lege ved veis ende. Livserindringer, Oslo: Aschehoug, 1968: 206–207.

  28. Digitalarkivet. Folketeljing for Fjaler 1920: 3997–4001.

  29. Lillingston C. B.C.G. Vaccination. British Medical Journal 1946; 1: 501.

  30. Lillingston C. B.C.G. Vaccination. British Medical Journal 1948; 1: 78.

  31. Lillingston C. The Achievements of the BCG Vaccination. British Medical Journal 1948; 2: 1118.

  32. Lillingston C. Cancer in Norway. British Medical Journal 1960; 1: 1031–1032.

  33. Lillingston C. Book reviews. British Medical Journal 1955; 2: 492.

  34. Lillingston C. Landed Gentry, føreord ved Alan E. Franklin. Peterborough, Ontario, Canada: Trent University. Posthum opptrykking, udatert: III-IV. Fjaler Folkebibliotek.

Odd Jarle Kjørstad

odd.kjorstad@enivest.net

Klokkarlia 6

6963 Dale

Odd Jarle Kjørstad er tidlegare spesialist i allmennmedisin med godkjenning for kompetanseområdet palliativ medisin.